Me har fokus på kvalitet
Neemoi er eit lite familiefirma etablert av Anna R. Folkestad og Øystein Folkestad, som held til på Stord.
Me har høg fokus på kvalitet. Dei produkta me ikkje produserer sjølv, prøver me å få laga så lokalt som mogleg.
Vårt servise er produsert på Figgjo-fabrikken i Sandnes
Servise i serien har me fått produsert i kvalitetsporselen på Figgjo-fabrikken i Sandnes. Figgjo sine produkt vert laga i vitroporselen, som er 100% naturleg. Vitroporselen er eit ikkje-porøst materiale og absorberer difor ikkje skit eller bakteriar. Serien består også av 17 forskjellige trykk som passar godt på veggen i seg sjølv, eller saman med servise.

Handlaga på Stord
Vårt første handlaga spel i eik - Spel No.1
Målet vårt var å lage eit spel med reglar som var lette å følgje, og som du vil spele om og om igjen. I pakken finn du to ulike måtar å spele på. Ein som går mest på flaks, og ein der du må tenkje og gruble litt meir.
Spelet kan nyttast som eit dekorasjonstre når det ikkje er i bruk, med eller utan glaskulene. Trestamma og greinene vert festa ved hjelp av magnetar, og kulene kan oppbevarast i dei medfølgande velurposane.
The Dancing Animals - same serie som servisa våre
Dans som om ingen ser deg!
Alle trykk frå Neemoi er trykka på 300g syrefritt bomullspapir. Dei vert levert med kvit syrefri passapartout med svart innerkant. Blekket, Epson UltraChrome K3 held seg år etter år, sjølv i UV-lys.
Trykka kjem i to storleikar. 30cmx40cm og 40cmx50cm
Alle mål er i ytterkant passepartout.
Handle frå sofakroken, og vel den leveringa som passar deg.
Les om våre leveringsvillkår
Har du planar om å friske opp arbeidsplassen din?
Enten du skal friske opp pauserommet, møterommet, venterommet eller kontoret, vil me gjerne hjelpe deg! Me tek på oss alle slags utsmykkingsoppdrag.
Ta kontakt for eit uforpliktande møte.