Om oss
Me er Neemoi As
Neemoi er eit lite familiefirma etablert av Anna R. Folkestad og Øystein Folkestad, som held til på Stord.
Me lagar eigenproduserte interiør-produkt, produsert så lokalt som mogleg.
I 2020 laga me vår aller første serie "The Dancing Animals". som er illustrert av Anna R. Folkestad.
Servise i serien har me fått produsert i kvalitetsporselen på Figgjo-fabrikken i Sandnes. Figgjo sine produkt vert laga i vitroporselen, som er 100% naturleg. Vitroporselen er eit ikkje-porøst materiale og absorberer difor ikkje skit eller bakteriar. Serien består også av 17 forskjellige trykk som passar godt på veggen i seg sjølv, eller saman med servise.
Trykka våre er av 300g syrefritt bomullspapir. Blekket, Epson UltraChrome K3 held seg år etter år, sjølv i UV-lys

Dagleg leiar

Anna R. Folkestad
Illustratør